fjelltelemarksving   -   fjelltelemark   -   alpint   -   snøbrett   -   oppÅnee
AVLYST 2010
Turtagrø, Hurrungane, Luster, Norway  Tinderittet Arrangert av IL Fanaråk sidan 1992
Om Tinderittet   |   Disiplinar 2010   |   Løypa   |   Premiar   |   Kontakt   |   Resultat   |   Overnatting og transport   |   Foto  | Påmelde

Program Tinderittet 2010 - AVLYST

Tinderittet 2010 er avlyst på grunn av snømangel. Det har vore lite snø på Turtagrø og i Sogn i heile vinter.Tinderittet er eit renn som krev gode og sikre forhold, ikkje minst med omsyn på framkomst av snøskuterar og røde kors.

Men, det er gode forhold for skiturar, og det er mogleg at IL Fanaråk saman med Syril Telemark, vil arrangera ein fellestur på Dyrhaugsryggen renndagen.

Me minner om at IL Fanaråk sitt neste store arrangement er Fanaråken Opp, eit motbakkeløp, som går av stabelen den 7. august.


Slik såg programmet ut - som no ikkje blei noko av.
Velkomen att i 2011 - då prøver me på nytt!
Fredag 23. april
1800      
Opning av rennkontor
2100      
Renninfo
Laurdag 24. april
0700      
Opning av rennkontor
0900      
Start opptur (tilrådd)
1100      
Opning av arrangementet
1100
Skileik for barn - Barnas Turlag og IL Fanaråk Nytt!
1131
TINDERITTET oppÅnee Nytt!
1201
TINDERITTET JUNIOR
1301      
TINDERITTET
Tinderittet fjelltelemarksving Nytt!
Tinderittet fjelltelemark
Tinderittet alpint
Tinderittet snøbrett
1600      
Premieutdeling på Turtagrø
1900      
Middag
2030      
Fest til kl 0100

ILFILM - Dyrhaugsryggen 1. mai 2009 med Syril Telemark


ILFILM. Syril Telemark inviterte til fellestur på Dyrhaugsryggen 1. mai 2009. Som plaster på såret for at Tinderittet vart avlyst. Tinderittet vart avlyst pga lite snø, og roten snø, frå henget og bort til Turtagrø. Tinderittet er eit fartsrenn, som treng gode snøforhold for tryggleiken sin del.

Men, for toppturar og fartsfylt utfor i vårsnøen, er Dyrhaugsryggen framleis suveren. På denne filmen kan de sjå deltakarane og andre leika seg ned ryggen på snøbrett, randonee, telemark og til fots.

Syril telemark held til på Leikanger.


Syril Telemark inviterar til fellestur på Dyrhaugsryggen 1. mai

Tinderittet 2009 er avlyst. Som plaster på såret for alle som hadde gledd seg til Tinderittet, vil Syril Telemark (løypesetjarane), i samråd med IL Fanaråk, invitera alle tinderyttarar til ein fellestur på Dyrhaugsryggen.

Dette blir ein sosial tur med hyppige pausar, og mykje fotografering og filming av hopp, svingar og andre former for skileik. Filmane vil seinare bli å finna på nettsidene til Tinderittet, Asken og Fri Flyt

Oppmøte og felles avgang frå Turtagrø 1. mai klokka 10:00

Etter turen vert det samling på terassen på Turtagrø i gamal god stil. Alle er velkomne.

Turleiarar: Syril Telemark ved Hannes, Ivar og Arne Monrad (41530978)

ALN slit seg opp dei siste metrane av Dyrhaugsryggen i 2007 (foto tor yttri)

TINDERITTET 2009 AVLYST
Rennleiinga for Tinderittet har  i dag vore på synfaring i løypa, og melder om umoglege snøforhold. Det er lite snø i nedre parti og i siste henget. Snøen er svært våt og laus, og ein trakkar rett ned på bakken. I målområdet er det overvatn. Det har vore høge temperaturar og mykje nedbør i området dei siste dagane,

Det er meldt svært høge temperaturar fram til helga. Det vil føre til at forholda blir endå verre. Rennleiinga har derfor bestemt i dag, den 28. april, at Tinderittet 2009 vert avlyst.

Dei som har betalt startpengar, vil få tilbakebetalt.

IL Fanaråk beklagar dette på det strekaste, og vonar på betre forhold i 2010. Velkomen til Tinderittet ein annan gong.

Tilbodet om toppturar vil stå ved lag. Påmelding må då skje innan 1. mai. Sjå meldinga lengre nede på sida om påmelding.

Skileiken vert også avlyst.

Me vil gjera alle merksame på at forholda for toppturar i området framleis er dei aller beste. Det er dei nedre parti som har dårlege forhold, og dei er viktige for Tinderittet og skileik.


Beste helsing

IL Fanaråk


Mange påmelde på Tinderittet - men me vil ha fleire
Mange har meldt seg på Tinderittet, sjølv om det er eit stykke att til målsetjinga om 200 deltkarar. Tendensen er seinare og seinare påmelding, og derfor rekna IL Fanaråk med eit ruch av påmeldingar siste veka.

Dei fleste har meldt seg på i tradisjonell fjelltelemark og alpint. Men, det er også mange som vil prøva den nye disiplinen "fjelltelemarksving" og snøbrett.

Den andre nye disiplinen "oppÅnee" har førebels 3 deltakarar. Dette er ein disiplin mange har snakka varmt om i mange år. Me reknar derfor med fleire påmelde fram mot start.

Når det gjeld Tinderittet Junior så vil me i år merka løypa med fargestoff, slik at løparane lettare finn fram gjennom portane. Juniorane må også no melda seg på.

Sjå påmelde på Tinderittet HER.

Gjev vel å meld deg på så snart som mogleg, og kvifor ikkje utfordra nokre kameratar? Det er påmelding fram til renndagen.



Nytt målområde i år
Lite snø inn mot det tradisjonelle målområdet, har ført til at rennleiinga har flytta målet fram til det siste henget, ved Meinsete, den gamle stølen. Frå dette området kjem publikum tett inn på løparane ned siste henget, og det er ein flott utsikt mot både Skagastølstindane og Fanaråken. IL Fanaråk lovar rikeleg med snø i løypa.

Skagastølstindane. Foto: Anders Fortun

Fanaråken. Foto: Anders Fortun

Toppturar på programmet
Turane blir arrangert i samarbeid med Norgesguidane. Turalternativa er Fanaråken, Store Ringstind (evt Storebjørn). Ein kan finne noko informasjon på heimesida til Norgesguidane.
Pris pr tur er 800 kr, der 400 kr er eit avbestillingsgebyr om ein ikkje ynskjer å bruke turen likevel. Ver og føreforhald for turane vert vurdert av Norgesguidane.

På påmeldinga må ein hugse skrive namn, adresse, telefonnummer og e-post. Eventuelle spørsmål og påmelding kan sendast til: mona_bukve@hotmail.com

Kontonummer for innbetaling av tur: 3785012 32959


Tindereittet med skileik for barn
Dette er eit tilbod for barn og foreldre frå kl 1100. Det vert ulike skiaktivitetar og bål. Arrangør Barnas Turlag Luster og IL Fanaråk - skigruppa. Meir info om ikkje så lenge.



Mykje snø på Turtagrø

Hans Arvid Skagen tok dette bildet den 15. mars 2009. Det var 70 cm snødjupn i målområdet. Etter dette har det snøa mykje i fjellet. Det er alltid litt spennande i kva grad snøen held til Tinderittet. Men, i år har arrangøren eit lite triks på lur, om det vert lite snø.

Kinesisk fyrverkeri av eit skirenn på Fjellsportfestivalen

ILFILM: Fredag den 27. februar 2009 sette kring 50 raotassar utfor Blåfjellet med retning Gunvordalen. Kring 3 minutt etter fellesstarten, var dei framleis samla. Så eksploderte flokken i eit fyrverker. Sporval, teknikk og tøffheit skilde løparane rått og brutalt. Det var lite trygt å opphalda seg i bakken, for å seia det mildt.

Dette var eigentleg Sognastilen på sitt beste.  I Sogn har det alltid vore gjevt å køyra rett ned fjellsidene, å finna den kortaste vegen og å ikkje svinga meir enn ein må for å koma fyrst ned.

Før telemarksvingen kom til fylket i 1981/82, var det lite fokus på svingen. Prestisjen då gjekk på å tora å køyra rett ned dei brattaste fjellsidene, og å laga spor i desse sidene. Fellene øydela mykje av dette. Ingen kunne sjå på sporet om du hadde brukt feller eller ikkje.

Etter å ha obserevert det kinesiske utforrennet i Gunvordalen, er det heilt klart  at utfor i Kina og utfor i Sogn har mykje til felles. Og det er vel naturleg? Det som er moro ein plass, er truleg også moro andre stader.

I kvinneklassen vann Silje Storevik Moe frå Syril Telemark på 4:22. Henrik Langeland frå Sogndal vann herreklassen på 3:38. I målområdet var det servering av varm Kinamat. Sjå filmen her: www.asken.no.

Fellesstart på denne måten fekk ikkje fleirtal i den store spørjegranskinga for Tinderittet utvikling. 58 % var i mot, og 30% var for.


Ny versjon av resultatlista for 2008
No er resultatlista for 2008 på plass i ny versjon. Deltakartalet i 2008 var 141, som var omtren det same som året før (142). Sjå resultatet HER

IL Fanaråk vil elles minne om at påmeldinga har starta. Sjå til høgre!


Videosamarbeid i Sogn
Med video hadde me sett kva denne karen dreiv med!

I Sogn finn ein mange av dei flottaste og største fjellsportarrangementa i landet. Ein kan nemna Fjellsportfestivalen i Sogndal, Kjeringi-Open og Sognefjordrennet på Leikanger, og Tinderittet,  Fanaråken Duathlon og Fanaråken opp i Luster.

Dei to idrettetslaga IL Fanaråk og Syril har saman med Fjellsportfestivalen / Bratt Moro AS og amj no starta opp eit utviklingsretta film- og videosamarbeid. Heilt sidan me starta med telemarksving i Sogn tidleg på 1980-talet, har film og video høyrt saman. Det har vore ein eigen kultur.

Gjennom dette samarbeidet vil alle arrangmenta ha tilgang til moderne videokamera. Målet er å filma deltakarane og visa film om kvelden, levera filmar til kringkastinga, og legge filmar ut på nettsidene. Målet er gode videoar av høg kvalitet.

Men, det er også eit viktig mål er å få med ungdomen. Ein har allereie oppretta eit ski&film ungdomsteam i Sogndal. Utan rekruttering - inga framtid. Fjellsportvestivalen er fyrst ut!

Med video ville ein fått med seg resten av dette fallet!


Resultat av rundspørjinga
Eit av hovudspørsmåla i den store spørjegranskinga til Tinderittet, var kva tidlegare deltakarar meinar om eigen klasse for telemarkstil på Tinderittet. Av 250 svar, var over 62% positive. 25% ville ikkje ha ein slik klasse, medan 12% ikkje visste kva dei ville ha.

IL Fanaråk har derfor allereie gjort vedtak om at Tinderittet 2009 skal ha eigen klasse for telemarksving. Klassen blir kalla Fjelltelemarksving.

Fjelltelemarksving kan for visa seg å bli den flottaste form for telemark til no. Lange telemarksvingar ned Dyrhaugsryggen kan me berre drøyma om alle saman, både deltakarar og publikum.

Dette er ein milepel i norsk skihistorie. Telemarksvingen, som er så populær i bakkar og fjell, har hatt trange kår i konkurransesamanheng i mange år. No kan Telemarkslauget, Telemark fylkeskommune og Morgedal slappe av. Telemarkstilen er redda. Les meir her ...

Kai Kvalsøren har køyrd fjelltelemarksving i alle år. Det er takka vera han og andre som har holdt på telemarkstilen i fjelltelemarkrenn, at telemarkstilen no har fått sin eigen klasse på Tinderittet.


Korleis reisa til Turtagrø og Tinderittet?

No nærmar det seg, og mange lurer kanskje på korleis ein skal koma seg til Vest-Jotunheimen, Dyrhaugsryggen og Turtagrø.

Du kjem i prinsippet til Turtagrø berre på to måtar. Det er anten frå vest via Sogndal, eller frå aust over Sognefjellet, via Lom.

Turtagrø ligg på vestsida av Sognefjellet, og fjellet må vera opna for vinteren, om du skal koma frå aust. Sognefjellet vil vera ope til Tinderittet!

Dersom du lurer på om det går buss, kan du sjå på www.fjord1.no. Elles er det enklast med bil. Gå saman med andre, og køyr i lag. Finn ruta på t.d. www.naf.no

Frå Lillehammer: 240 km
Frå Voss: 180 km
Frå Førde: 175 km
Frå Geilo: 221 km
Frå Oslo: 395 km
Frå Oppdal: 230 km
AVLYST
Tinderittet
for 17. gong

Tinderittet Junior
for 4. gong

Turtagrø 24. april 2010
PÅMELDING - SKJEMA
TINDERITTET (2100 moh - 900 moh, 15 år og eldre). Dette er klassikaren, som starta opp i 1992. les meir...
TINDERITTET JUNIOR (1450 moh - 900 moh, for dei som er under 15 år, men også for foreldre og andre eldre som ikkje vil køyre heilt frå toppen. les meir...
TINDERITTET TRIM (ein tur opp og ned Dyrhaugsryggen) les meir...

ARKIV FOR 2009 - 2010


ARKIV FOR TIDLEGARE ÅR

NM-løypa 2005







SPONSORAR






                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
Powered by ASKEN