TINDERITTET
NYHENDE
17.09.04 Bøverdalen IL sikrar Tinderittet i tilfelle lite snø i 2005

FJORDSTOVA 17. SEPT 2004
Ronny Nestvold (Bøverdalen IL), Øyvind Teigen (Bøverdalen IL), Anders Fortun (IL Fanaråk), Arne Monrad Johnsen (TD og løypesetjar)


BAKGRUNN FOR MØTET
Tinderittet måtte avlysa NM i fjelltelemark 2004 pga lite snø ned mot målområdet. Tinderittet er for 2005 tildelt NM i Fjelltelemark på nytt. For ikkje å hamna i same situasjon ein gong til, har IL Fanaråk teke kontakt med Bøverdalen IL, for reservearena. Den aktuelle plassen er der dei har Loftsrennet. Loftsrennet vart arrangert for fyrste gong i 2004. Loftet er ein fjelltopp ved Jotunheimen fjellstove. Toppen er 2170 moh. Mål er ved ca 1000 moh. Høgdeskilnaden er såleis omtrent som ved Tinderittet, eller ein meter meir, som dei har finrekna seg fram til i Bøverdalen. I 2004 var det nok snø i området, då Tinderittet skulle gått av stabelen.

Loftsrennet vil i 2005 gå av stabelen før Tinderittet, men datoen er endå ikkje fastsett. I tilfelle lite snø ved Turtagrø og Dyrhaugsryggen, blir det to renn ved Loftet. Det siste vil då bli Tinderittet og NM i Fjelltelemark. Dato 30 april 2005.

Tema på møtet var å diskutera samarbeidet og praktiske løysingar på eit overordna nivå.


ARRANGØR? FORSIKRING? ØKONOMI?
Kven er arrangør når ein skifter arena, og eit anna idrettslag overtek store deler av ansvaret for gjennomføringa? Dette må ein finna svar på.

Det er IL Fanaråk som er tildelt NM, og truleg må av den grunn også IL Fanaråk stå som ansvarleg arrangør ved Loftet også. Eller skal Bøverdalen IL overta arrangementet?. Dette vart diskutert litt i samband med forsikring av rennet. Sidan IL Fanaråk sin arrangørforsikring vert betalt av Sogn og Fjordane skikrins, kom me fram til at Bøverdalen IL må ha ei eiga arrangør-forsikring (tabbe-forsikring) uansett.

Me må koma attande til dette punktet. Me må truleg snakka med skiforbundet. Det er eit spørsmål om det kan vera to arrangørar (samarbeid), med eitt idrettslag som hovudarrangør, eller kan det berre vera ein arrangør?

I samband med deling av inntekter og kostnader må ein også ha klare avtalar på dette punkt. Det skulle idrettslaga koma attende til.

Det kan vera ei løysing at IL Fanaråk er arrangør også ved Loftet, og at Bøverdalen vert leigd inn til å gjera eit arbeid. Om Bøverdalen IL også då treng eiga forsikring, må ein finna ut av.  Det økonomiske kan ved leiging ordnast ved ein avtale mellom dei to laga.


ANSVAR FOR IL FANARÅK (førebels)
Tidtaking
Påmelding
Premiar
Sekker
T-skjorter
Renneleiar for Tinderittet - samarbeid med Ronny
TD - Arne Monrad Johnsen (som før)
Reglement
Finn ut om eigne reglar for NM
Innkrevjing av startkontingent
Eingongsforsikring (lisens)
Arrangørforsikring for seg sjølv (+ Bøverdalen IL?)
Speaker (Molland)
Premieutdeling, saman med ein eller fleire frå Bøverdalen IL
Renninfo om kvelden, saman med nokon frå Bøverdalen om løypedetaljar
Rennkontor, utdeling av nummer, etc..
Samarbeid om marknadsføring
Link til Loftsrennet på web-sider


ANSVAR FOR BØVERDALEN (førebels)
Løypesetjing
Raude kross og sikkerheit i bakken
Snøskuterar
Arrangørforsikring for seg sjølv (sjekkast opp)
Lokal rennleiar: Ronny Nestvoll. Må samarbeida med Anders Fortun som er rennleiar for Tinderittet som truleg må vera hovudarrangør.
Løypesetjar: Sjefsløypesetjar Øyvind Teigen. Bør ha samarbeid med løypesetjarane får Tinderittet, for spanande utveksling av idear.
Bankett, med lokale krefter
Mat og overnatting ved Jotunheimen Fjellstove
Avtale med teltbuarar og fjellstova
Samarbeid om marknadsføring
Link til Tinderittet på web-sider


Referent
Arne Monrad Johnsen

                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
SISTE NYTT

17.09.04 Bøverdalen IL sikrar Tinderittet i tilfelle lite snø i 2005