Det var ca 250 personar som svara på spørjegranskinga. Me var alle spente på reusltatet. Spesielt spente var me på spørsmålet om eigen klasse for telemarksving. Me vart glade då heile 62% ga oss støtte til å starta opp denne nye klassen.
Dei fleste som svara var frå Sogn og Fjordane. Men, Tinderittet er eit nasjonalt fyrtårn, og derfor var me glade då over 50% av svara kom frå andre fylke. Me har ikkje sett på om sogningane har svara annleis enn resten av landet.
Over 75% av dei som svara hadde delteke på Tindetittet minst ein gong. Dei som har vore med tidlegare, har sjølvsagt mest greie på rennet, og kva som skal til. Men, alle som er spurde, har eit aktivt forhold til fjellrenn.
Fleire menn enn kvinner som har delteke, og slik var også svarfordelinga. Det kan kanskje vera eit mål for IL Fanråk å få med fleire damer på Tinderittet, med tanke på neste spørjegransking?
Figur 4 viser at fjelltelemarksving (1) har potensiale til å bli like stor som alpint (3). Den største disiplinen vil vera fjelltelemark med fri stil. Dette kan tyde fleire ting, mellom anna at det ikkje er lett å køyre ned Dyrhaugsryggen med telemarksving. Fartselskarane bryr seg heller ikkje om stilen. Kolonne 4 er snøbrett, med 6%.
Og her er figur 6, som viser eit stort fleirtal for telemarksving som eigen klasse (disiplin). 12 % svara veit ikkje. Dette var noko å gle seg over, for vener av Sondre Norheim og Kai Kvalsøren.
Dette spørsmålet har vore mykje diskutert i telemarksmiljøet det siste året, og heldigvis var svaret klart. Nesten 60% ville ha eigen klasse for fjelltelemark, og alpinistane får ha sin klasse i fred.
Dei siste åra har premieutdelinga teke lang tid, og vore litt uoversikteleg. Det har også vore klassar med svært få deltakarar. Grafen viser at deltakarane ynskjer 3 aldersklassar (stolpe 3): junior, senior og veteran frå 40 år. Denne inndelinga har Tinderittet også nytta tidlegare. Slik blir det i 2009.
På dette spørsmålet var det ikkje noko klar tendens. Flest stemmer fekk dei som svara "nei" på spørsmålet om å splitte opp juniorklassen i to. 20% visste ikkje.
Det vart eit klart "nei" for fellestart for mindre grupper. 13 % visste ikkje.
47% stemte "nei" for lag på Tinderittet. Det blir ikkje lag i 2009, men det treng ikkje gå ut over andre, om lag blir innført ein gong seinare. Lag blir sett på vent.
43% svara "ja" til å prøva ut skibestigning. 33% sa "nei". IL Fanaråk vil prøve ut denne disiplinen i 2009, og har kalla den "oppÅnee".
Det var eit klart fleirtal for mellomtider og fartsmålingar. IL Fanaråk vil ikkle lova å få dette til i 2009, men vil arbeide for dette på sikt. Klar melding frå deltakarane.
Nesten 90% sa "ja" til meir video. Dette vil bli eit satsingsområde for både Tinderittet og andre fjellsportarrangment i Sogn denne vinteren. Deet vil bli kjøpt inn utstyr, og samarbeid er målet.
Den siste grafen viser at dei fleste er godt nøgde med dagens opplegg på Turtagrø. På den andre sida er det mange som kunne tenkt seg nooko meir organisert moro. IL Fanaråk vil derfor prøve å få til litt meir til dei som ynskjer det. Det kan bli rock og grill i målområdet mellom anna.
IL Fanaråk takkar alle som deltok i spørjegranskinga, og som på den måten har vore med å utvikla Tinderittet.
|