Tinderittet
ARKIV    home
22.12.08 Vil du vera med å utvikla Tinderittet?

IL Fanaråk har i dag den 22. desember starta ei stor spørjegransking, med spørsmål om korleis dei skal utvikla Tinderittet framover. Svarfristen er 15. januar 2009.

Det er spørsmål om telemarksving som eigen klasse, om færre aldersklassar, om tidtaking, video, afterski, skibestigning og mykje anna.

IL Fanaråk si målsetjing er å utvikla Tinderittet etter deltakarane sine ynskjer. Eit anna ynskje er å ta vare på telemarksvingen og telemarskstilen til Sondre Norheim.

IL Fanaråk har sendt granskinga direkte til alle som har delteke på Tinderittet frå 2005 til 2008. I tillegg ynskjer IL Fanaråk at endå fleire tinderyttarar og skileikarar nyttar seg av denne linken, for å svara på spørsmåla.

Rett etter den 15. januar vil IL Fanaråk skape Nye Tinderittet basert på spørjegranskinga. Det vil derfor ikkje vere mogleg å melde seg på til årets renn før kring 20. januar.

Nokre av spørsmåla kan også få verknad for Tinderittet Junior.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
MELDINGAR

22.12.08 Vil du vera med å utvikla Tinderittet?