Per Øvreseth vann Tinderittet i 2007 på ny løyperekord. Han stilte til start som regjerande konge av Dyrhaugsryggen. Sogn Avis skriv om den amputerte kongekampen, og utfordraren Steinar Nes, som ikkje fekk måla seg med Per frå same start.
Men, det er mange kongekampar på Dyrhaugssryggen. På bildet er Per klar for det siste henget. Han starta eitt minutt bak Håkon Nesse, og hadde her teke inn 22 sekundar på Lærdalssystrenningen. I mål hadde han knipe ny seks sekund. Håkon Nesse kasta heller ikkje akkurat vekk tida ned siste henget - det gjekk rett ned. Det seier litt om farten til Per Øvreseth inn til mål.
Om nokre dagar vil det bli lagt video frå det siste henget, som viser både Per, Håkon og Helge Bondevik. Helge sitt fall i botnen egnar seg godt på film.
Håkon Nesse skulle slå Per Øvreseth, men hadde ingen sjanse, som debutant på Tinderittet. Håkon vart nr. 2 i klassen. Men, Håkon har lova å koma att til neste år. Dette var bratt moro, sa han.
|