Startlistene blir sette opp etter dei som har meldt seg på innan 1. mai klokka 18:00. Skjema for påmelding finn du HER.
På Tinderittet er det minuttstart, men også klokkeslettstart. Løpar nr. 1 startar t.d. klokka 13:01, løpar nr. 50 klokka 13:50 etc.. På grunn av dette systemet må ein setje opp startlistene utan unødig opphald mellom kvar klasse, for å få eit kontinuerleg ritt.
Etterpåmelding er mogleg fram til laurdag 3. mai klokka omlag klokka 09:00, men dei som melder seg på etter 1. mai klokka 18:00, må finna seg i å starta til slutt, uansett klasse. Påmelding på nettet vert avslutta fredag 2. mai. Påmelding den 3. mai kan derfor berre skje på rennkontoret på Turtagrø.
|