Tinderittet
ARKIV
04.05.08 Tinderittet vel i hamn tross alt

Alle var nøgde etter Tinderittet laurdag 3. mai. Skodda, som la seg tett øverste henget, på kring 1600 - 1800 moh utover rennet, skapte sjølvsagt problem. Men arrangørane fekk mykje skryt for måten dei takla situasjonen på, ved å trekke starten ned til sikten var god.

Då hadde kring halvparten av løparane starta. På denne måten fekk Tinderittet 2008 ei lang og kort løype. Men, før ein kom så langt, hadde rennet vore stoppa fleire gonger på grunn av tjukk skodde. Dette var noko arrangøren IL Fanaråk hadde trent mykje på, og som dei meistra godt. Sjå RESULTATA HER

Foto: Tor Yttri

Tinderittet Junior var det full fart på 25 jenter og gutar opp til 14 år. Desse starta på 1450 moh, på Øvre Dyrhaug, og hadde same mål som seniorane, ved Turtagrø. På grunn av mange traversar, var det diverre mange som fekk problem med å finne løypa. Men, dei minste klaga ikkje. Tinderittet Junior var også siste rennet i fjellkarusellen i Sogn, og alle deltakarane fekk Telenorsekken og buff, i tillegg til fine premiar frå IL Fanaråk.

Foto: Maia Johnsen Kvåle


                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
MELDINGAR

04.05.08 Tinderittet vel i hamn tross alt