Tinderittet
ARKIV    home
28.04.07 Tinderittet 2007 ein stor suksess
Tinderittet gjekk av stabelen laurdag 28. april. Resultata var klare straks etter siste målplassering. Det vart teke mykje bilder og film under rennet, og noko av det vil bli lagt ut på internett  med det fyrste. Løparane var svært nøgde med arrangementet, og IL Fanaråk fekk mange gratulasjonar. Veret var av alle beste sort. Ny løyperekord vart det også. Tinderittet er utan tvil eit av dei mest spektakulera arrangementa i Norge. Sjå resultata her



Per Øvreseth, Sogndal Alpint, med ny løyperekord på 5:27, og truleg ny personleg fartsrekord også, med 116 km/t. Ein stor dag for ein stor kar, med Storen i bakgrunnen. Per hadde også verva "halve" Sogndal til å stille på Tinderittet. Tusen takk til Per for god innsats.


Morc Racing gjorde reint bord i Fjelltelemark 19-29 år, ved å ta dei tre fyrste plassane. Her kasta dei skjortene, til stor applaus frå damene.


Thomas Fleischer Wathne, Ready, i flott stil ned det isete bratthenget. Han vann Snøbrett 30-39 år på 7:14


Andrea Vagstad i Tinderittet Junior. Tøff dame utan stavar.



                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
MELDINGAR

28.04.07 Tinderittet 2007 ein stor suksess