Mange lurer på om Henrik Langeland hadde slege Per Øvreseth om han ikkje hadde falle i siste henget. Sidan startklokkene var satelittstyrde, og arrangørane har foto av løparane frå omtrent same stad, med tidspunkt for fotografering, kan ein finne dette ut. Analysen viser at Henrik fell etter 3:37, medan Per er ca 40 meter lenger framme etter 3:34. Per leda altså på Henrik ved Meinsete, ved utgang av siste henget, med ca 3 sekund + 40 meter.
Henrik sitt fall etter 3:37 frå start. Det kan vera at Henrik her allereie har falle nokre sekundar.
Henrik sitt fall etter 3:40 frå start
Henrik Langeland på ei ski 3:51 frå start. Fanaråken i bakgrunnen.
Per Øvreseth 3:34 frå start, 17 sekund raskare enn Henrik på same plass, med fall. Truleg hadde Per køyrt nokre få sekundar raskare enn Henrik til denne porten, dersom Henrik ikkje hadde falle. Det kunne ha vorte jamnt til mål.
|