Ja, det meinar Fri Flyt-gjengen, som i 2006 plukka ut dei 10 gjevaste toppturane i landet for VG-lesarane. Dyrhaugsryggen kom på 2. plass, bak Gaustadtoppen. Men, Gaustadtoppen har heis, og fekk pluss for det. Dyrhaugsryggen er best av dei utan heis, med andre ord.
Fri Flyt skreiv til VG-lesarane i 2006: Nordre Dyrhaugstind - 2147 moh. Fallhøyde 1200 m. Hurrungane vest i Jotunheimen har et utall topper. Sitt på hotelltrappen på Turtagrø og se nesten hele nedkjøringen fra Dyrhaugstind. De fleste stopper ved fortoppen Nordre Dyrhaugstind på 2100 moh, men med stegjern og øks kan du få med deg de siste 47 høydemetrene også. Turen tar 5 timer.
Dyrhaugsryggen er eit topptur for alle. Fin, trygg og ei passeleg tøff utfordring.
Frå toppen er det utsikt til Store Dyrhaugstind. Vestover kan ein sjå Store Ringstind, Store Austabotntind, Soleietind, Lauvnostind med fleire.
Utsikt til Dyrhaugstind - 2147 moh. Mange køyrer renna til høgre, ned til Ringsdalen. Det kan berre tilrådast dei mest røynde.
Og til slutt er det heimturen. 1200 meter med unnabakke, fordelt over 5 km. Då er det Fri Flyt, og manglande heis er det ingen som tenkjer på.
Og så er det å setja seg på trappa ved Turtagrø, og nyta synet av den flottaste topp-turen i landet, som ein nett har teke.
|