TINDERITTET
NYHENDE
30.04.07 Langeland bak Øvreseth, men likt med Anders Eid
Ein sler seg ikkje til ro med spekulasjonar i Tinderittet. Den mykje omtalte prestasjonen til Langeland, på ei ski til mål var imponerande. Spørsmålet har vore kva Langeland hadde prestert utan uhell.

Videoopptak viser at Henrik Langeland passerte porten på siste hengkanten på 7 sekund dårlegare tid enn Per Øvreseth, nett før han fall. Det var på same passeringstid som Anders Eid hadde. Avstanden mellom Per Øvreseth og Anders Eid var nøyaktig den same i mål. Dei avslutta i same fart, med andre ord.

Anders Eid hadde dagens raskaste tid på telemarkski. Han stilte i yngre veteran, 30-39 år. Tida var 5:34. Anders Eid hadde forresten ingen problem i siste henget, berre sjå på slide showet under. Imponerande. Spørsmålet no er om Henrik kunne slege Øvresethen med 7 sekund inn mot mål utan uhell, eller om han hadde klart å slå Anders Eid, men det vil ikkje IL Fanaråk spekulera i.



                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
SISTE NYTT

30.04.07 Langeland bak Øvreseth, men likt med Anders Eid