TINDERITTET
NYHENDE
01.04.07 Gode grunnar til å melda seg på Tinderittet
Tinderittet er ope for alle, og alle er velkomne til å melda seg på. Det som gjer Tinderittet til eit heilt spesielt renn, er kanskje fyrst og fremst den fantastiske Dyrhaugsryggen og atmosfæren på Turtagrø Hotel. Men, det er også mange andre gode grunnar til å delta på Tinderittet, anten som aktiv eller som publikum.

Turen opp og ned Dyrhaugsryggen er noko av det flottaste ein kan gjera på ski. I samband med Tinderittet, kan ein gjera denne turen i lag med likesinna frå heile landet. Turen opp tek frå 3-4 timar, medan turen ned tek frå 6 til 15 minutt. Tinderittet startar ved Nordre Dyrhaugstind (2100 moh). Frå starten er utsikten over Hurrungane fantastisk.

Opptur 2005, med Skagastølsryggen i bakgrunnen.

Store Skagastølstind til venstre og Dyrhaugstindane til høgre, med Bandet og Skagadalen i mellom.

Frå Tinderittet 2005

Frå Tinderittet 2005


Turtagrø Hotel er sjølvsagt "basecamp" for Tinderittet. Den over 100 år gamle fjellsporttradisjonen på Turtagrø sit i veggene, sjølv om hotellet er nytt. Den skapar ein koseleg atmosfære, du ikkje finn andre stader.  

På turtagrø er det rennkontor, premieutdeling, overnatting, servering og sosialt samver før og etter rennet. På Turtagrø Hotel (www.turtagro.no) kan du bu i den nye hotellet, eller i annexet. Det er også høve til å bu i telt i området rundt hotellet, og nytta dusj og sanitær på hotellet etter avtale.

Frå Fri Flyt sin Base-Camp i 2005

Frå Fri Flyt sin Base-Camp i 2005

Tinderittet 2005

Løypesetjarane 2006 - nokre av dei.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
SISTE NYTT

01.04.07 Gode grunnar til å melda seg på Tinderittet