TINDERITTET
NYHENDE
30.10.06 Terminlist Norgescup Fjelltelemark.

Norges Skiforbund har teminlista for 2007-sesongen klar. Tinderittet fekk heller ikkje i år delta i denne cupen. Men, naboen Loftsrennet fekk vera med, og Tinderittet er full av gratulasjonar. Loftsrennet har på kort tid etablert seg som eit sollid arrangement, og vert no heidra med deltaking i Norgescupen i Fjelltelemark.

Terminlista ser slik ut:

Dato
Renn
Fylke
17. februar
Villomrennet
Buskerud
24. februar
Alperittet
Møre og Romsdal
03. mars
Kårvatn
Møre og Romsdal
10. mars
Fjellguten
Telemark
17. mars (NY)
Harstadfjellrennet
Møre og Romsdal
24. mars
Loftsrennet
Oppland
31. mars
Skarvenrittet
Møre og Romsdal
01. april
Vengedalsrennet
Møre og Romsdal
21. april
Standalsrennet
Møre og Romsdal

Møre og Romsdal dominerar lista, noko som sikkert attspeglar kor interessa er størst. Tinderittet er likevel skeptisk til at Norges Skiforbund legg så mange renn til eitt fylke.

NYTT ! Harstadfjellrennet fekk NC-status etter at Fjellguten sitt renn vart avlyst. Då er 6 av 8 NC-renn i Møre og Romsdal.

For å sikra sporten si framtid, og for å utvikla cupen i heile Norge, har Tinderittet derfor fylgjande forslag til Telemarksutvalet i Norges Skiforbund, til neste gang dei skal sette opp terminliste for Norgescup Fjelltelemark:

5-8 renn, men berre eitt renn i kvart fylke
Kvart av renna i Norgescupen får ansvar for å arrangera minst 4 "juniorkarusellar" på ulike stader i fylket.
Desse renna kan kallast opp etter rennet i cupen som t.d. ”Tinderittet Next – Telenor Karusell – Fjelltelemark
Avslutningsrenna går på omgang mellom fylka. Fylka får ansvar å legge renna til datoar som gjer dette mogleg.
Skikrinsen i kvart fylke avgjer kva renn som skal få delta i cupen.
Norges Skiforbund arbeidar for å få med fleire fylke




                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
SISTE NYTT

30.10.06 Terminlist Norgescup Fjelltelemark.