Journalist Tor Yttri var på Dyrhaugsryggen idag, den 24. april. Det er fine forhold og mykje snø seier han. Det vil ikkje bli problem å koma ned ryggen på ski laurdag 29. april.
Renneleiar Anders Fortun melder om gode vermeldingar også. Dette lovar godt. Faktisk kan ein venta seg noko nysnø i fjellet.
Det fyrste året ein arrangerte Tinderittet, den 31. mai 1992, då var det så lite snø, at ein måtte skjera bjørkeriset med saks, for å koma fram.
Ein måtte ta av seg skia, springa over brua, ta på seg skia att, og skøyte i mål. men, det var moro det også.
I år kan ein ein gå på ski til mål. Stol på Yttrien, vår fremste fjellmann med ski og kamera.
|