Det var naudsynt med ei synfaring av Dyrhaugsryggen, for å sjå på snøforholda. Rennleiar Anders Fortun kan slå fast at dette skal gå bra. Det har vore mindre snø ved tidlegare høve. Ein kan legge løypa ned henget til Mainsete mange stader, meinar Anders. Tilhøva fram til den 29. april vil likevel vera spanande. Med meir snø, kan ein legge løypa rettare i terrenget utan fåre, og ein kan få større fart på flatane inn mot mål. Men, no har me full kontroll, meinar Anders. Med den nye trakkemaskina skal han preparera ein god sole inn mot mål, og vil kanskje også prøva seg ned henget ein plass.
|
|
Dette henget kan eg prøva å trakka med den nye maskina, seier Anders.
|
|
Det er viktig at me klarar å kryssa haugen her. Då blir det god fart inn mot mål.
|
|
Snøflata til venstre i bildet ser innbydande ut. Kanskje kjem løypa til å gå ned her?
|
|
Sjefsløypesetjaren tek seg ei brødskive.
|
|
No er det like før telemarksvingen sit.
|
|
Denne jenta har fått taket på telemarksvingen denne vinteren, og ser fram til at ho kan delta på Tinderittet, om 5 år.
|
|
Glimrande forhold denne dagen. Fin nysnø på hard skare.
|
|
Her er det tre ledige rom, for dei som ikkje får plass på hotellet.
|
|
Turtagrø Hotel, base for Tinderittet sidan 1992.
|