Tinderittet var lenge kjent for å ha dei flottaste premiane av alle telemarkrenn. Dei siste åra har det kanskje vore litt lågare standard, enn det var på sitt beste. Men, ingen går tomhende frå Tinderittet.
Alle får T-skjorter og flotte blå ryggsekker med NM-logo innbrodert. Trimklassen får berre T-skjorte. Ryggsekkene er kjempeflotte.
NM Fjelltelemark: Dei tre beste i kvar klasse får medaljar (gull, sølv, bronse). Beste 1/3 får diplom frå Norges Skiforbund. Gullvinnarane får krystallvasar med inngravert NM-Fjelltelemark. Resten av beste 1/3 får flotte rosemålte trefat med NM Fjelltelemark 2005 målt på. Alle får heder og ære.
Tinderitttet: Beste 1/3 får flotte gåvepremiar innsamla av mellom anna "Fri Flyt". Alle får heder og ære.
|