Galdhøpiggrennet gjekk av stabelen den 2. april. Galdhøpiggrennet er det fjelletelemarkrennet som har flest deltakar i landet, om ein ser på enkelstart/lag, med over 300 deltakarar 1). Eit vellukka Galdhøpiggrenn har i mange år ført til auka interesse for Tinderittet. Det merkar ein på påmeldingane til Tinderittet, som skyt i veret rett etter rennet på Piggen. Det skjedde også i år. No er det kring 50 deltakarar på Tinderittet. Og endeleg kjem danskane. Det har me venta på lenge.
1) Når det gjeld store fjelltelemarkrenn, må ein nemna Kjeringi Open på Leikanger. Med over 350 deltakarar på startstreken, og fellesstart, er Kjeringi Open i ein klasse for seg. Større og tøffare "cross" finn ein ikkje.
|