No er det 25 påmelde til Tinderittet og NM. I dei siste dagane har påmeldingane kome oftare og oftare. Arrangørane vonar på over 200 deltakarar i år. Snøforholda er svært gode, med over dobbelt så mykje som i eit normalår. Jentene saknar me på deltkarlista. Kom an jenter - meld dykk på!!
På bildet ser me løypesjef Egil Johannes Vangsnes i trening på Filefjellet i vinterferien prøver å kanta innerskia på den nye måten, utan hofteknekk. Brei skiføring er viktig. Problemet er innerskia. Kva veg skal kneet peika? I fjelltelemark er den ingen reglar, og godt er det.
|