 |
|
 |
Tinderittet er eit fjellskirenn for telemark, alpint og snøbrett i Jotunheimen Nasjonalpark.
Tinderittet startar på Nordre Dyrhaugstind (ca 2100 moh). Rennet går nedover Dyrhaugsryggen. Mål er ved Turtagrø Hotel (870 moh).Tinderittet er omlag 5,5 km langt, og har eit fall på 1200 høgdemeter.
Det vert sett doble portar frå start til mål. Før siste henget er det ei reipelykkje. Stikkinga varierar frå år til år, alt etter snømengde, føre og verforhold. Tryggleiken er viktig.
Løypene som fylgjer ryggen, vekslar mellom lange bakkar, bratte heng, platå og flater.
Den som har kortast tid i kvar klasse frå start til mål vinn. Sjå "disiplinar og reglar" for tillegg i tid og krav til utstyr.
Fjelltelemarksving sidan 2009
Frivillig krav til telemarksving i utvalde parti
Ingen stildøming - gentlemans agreement
Video vil vise om løparane meistra stilen
Ikkje tillegg ved "stilfeil"
Ingen blir diska
30 sekund tillegg ved manglande portpassering
60 sekund ved manglande reipelykkje.
Tinderittet oppÅnee sidan 2009
Fellesstart ved Turtagrø
Fritt val av utstyr
Skal fylgje løypetraseen opp opp
Mellomtid på toppen, ved starten til Tinderittet
Skal fylgje portane ned
Mål ved Turtagrø
Ingen blir diska
30 sekund tillegg ved manglande portpassering
60 sekund ved manglande reipelykkje.
Alle må ha sekk (5kg), hjelm og fangreimar / stopparar
|
 |
 |
Den historiske utviklinga
|
Den
Tinderittet vart starta opp som eit samarbeid mellom dei aktive innan telemarksmiljøet i Sogn og Fjordane og Turtagrø hotel.
Målet er å fremja fjellskisporten og fremja interessa for Vest-Jotunheimen om våren
Mykje av grunnlaget vart gjort hausten 1991 av Ole Berge på Turtagrø. Han tok initiativ til Logo, fann eit godt namn på rennet, og tok kontakt med dei viktige støttespelarane. Telemarksmiljøet i fylket sikra det faglege, sette løype og marknadsførte arrangementet i miljøet.
IL Fanaråk var sjølvsagt med frå starten, og det same med Luster Hjelpekorps. Åsnes Skifabrikk ved Kjell Åsnes var ein viktig sponsor og støttespelar dei fyrste åri.
Det fyrste året, i 1992, den 30. mai, deltok 50 lauparar. Den fyrste TD var Torgeir Gunleiksrud (bildet). Den fyrste løypesjef var Franz Midtun. Målet var å bli større, og tidleg vart 200 deltakarar sett som eit framtidsmål.
Tal deltakarar har auka jamnt og trutt, og i 2004 låg det an til å bli over 200. Diverre vart Tinderittet då avlyst, slik som i 1996, på grunn av snømangel.
Tinderittet har vore med å utvikla ein sport, og ofte har Tinderittet vore trendsetjar for nye reglar. Belønninga har vore høg aksept hjå Norges Skiforbund, med prøve-NM i den nye greina Fjelltelemark i 2002 og 2003.
I 2004 vart Tinderittet tildelt offisielt NM i fjelltelemark, det fyrste i sitt slag nokon sinne. Diverre vart rennet avlyst på grunn av snømangel.
Men, Norges Skiforbund let Tinderittet få sjansen ein gong til i 2005. NM gjekk prikkfritt, men vergudane prøvde seg. Tåke på Dyrhauggsryggen gjorde at rennet måtte stoppast i ca 20 minutt.
I 2006 varTinderittet utan NM-status, og attende til det normale, som landsrenn.
Tinderittet Junior var eit nytt tilbod til dei under 15 frå 2007.
Den historiske utviklinga er lettast å visa i tabellar og grafar (nede på sida). Som ein ser går trenden oppover. NM i 2004 hadde trekt over 200 deltakarar. Diverre var rennet i 2004 avlyst. Det var snømangel på flatane inn mot mål.
Målet om 200 deltakarar vart sett i 1992, og takka vera systematisk utvikling ville ein nådd målet i 2004. Turtagrø Hotel ved Ole Berge Drægni hadde hovudansvaret for utviklinga dei fyrste åri.
Dei siste åri har IL Fanaråk ved Anders Fortun hatt hovudansvaret. Men viktige støttespelarar har vore både Turtagrø Hotel, Luster Hjelpekorps og Løypesetjarane frå Systrond.
1990 - 91: Astrid Drægni på Turtagrø tok initiativ til kurs i telemarksving på Turtagrø i påsken. Diverre vart ikkje kursa noko stor suksess. Instruktør var brødrene Johnsen. Likevel melde det seg på ferre enn 10 deltakarar. Etter påsken i 1991 forsto Ole Berge Drægni og Arne Monrad Johnsen at ein måtte finna på noko anna. Målet for Astrid, Ole og Turtagrø var å trekkja folk til Turtagrø og Hurrungane. Mai var ein lågsesong for hotellet, til tross for dei fine skiforholda. For Arne Monrad Johnsen var målet utvikling av telemarkssporten. Rennet ned Dyrhaugsryggen vart ein idé. Ole Berge lanserte namnet Tinderittet 91/92.
1992: Tinderittet vart arrangert for fyrste gong 30. mai. Astrid hadde lova snø ut heile mai, og det holdt med eit nødskrik. Initiativtakarane hadde lukkast. (Ole, Astrid, Anders, Artur Skaar, AMJ, etc..) TD var Torgeir Gunnleiksrud. Løypesetjarane kom frå Gloppen og SYRIL. Vinnar i herreklassen vart Vidar Ringen, SYRIL, på 11:32
1994: Tinderittet pressa hardt på for å få opning av Sognefjellsvegen, og lukkast. Avgjerande for at Tinderittet skulle kunne arrangerast fyrste helgi i mai også seinare. Svært viktig for Luster og fylket. Ei takk til Statens Vegvesen.
1997: Carvingskia byrja koma, og rekordane sto for fall. Betre lauparar - meir moro.
1997: Innkjøp av eigne staur. Vidar Ringen, SYRIL, vann for 3. gong. Han vart utnemnd til "Kongen av Dyrhaugsryggen".
1997: Lomhunden vart innført, for å lokka folk frå Kjeringi Open til Tinderittet. Ski frå Åsnes Ski til beste samanlagt Kjeringi Open og Tinderittet i kvar klasse frå Kjeringi Open. Tilsaman 8 klassar.
1998: Snøbrett vart innført.
1999: Meir aktiv marknadsføring gjennom BYLUS prosjektet. Tinderittet eige delprosjekt i bygdeutviklingsprosjektet. Strategisk plan for Tinderittet.
2000: Tok i bruk internett som påmeldingsmedium. Webmaster Halvar Johan Bolstad. www.tinderittet.com
2000: Fyrste året med høge sko. Krav om låge sko ein sagablott. Ollis (Ole Bjarne Lysklett frå Oppdal sette ny rekord ned fjellet: 5:35. Den gamle rekorden vart slegen med 3:07.
2000: Nye portflagg til Tinderittet.
2000: Vedtak om at ingen skulle diskast i Tinderittet. Innføring av tillegg ved manglande portpassering med 30 sekund pr. port og 60 sekund for manglande reipelykkje.
2001: Turtagrø Hotel brann ned om vinteren. Eit sjokk for alle. Det vart bestemd at Tinderittet skulle gå sin gang.
2001: Samarbeid med Ultrasport. Ultrasport sto for marknadsføring, premiar og T-skjorte.
2001: Alpint vart innført. Eitt av Ultrasport sine kreative innspel.
2002: Nytt flott hotell på Turtagrø. Fint med nytt hotel, men noko uvant. Men, ein fantastisk insats låg bak. Ei tøff satsing av Ole Berge Drægni. Ingen hadde trudd at eit nytt hotell kunne stå ferdig så raskt etter brannen.
2002: Ny bru over elva. I 2001 var det mange som klaga på den siste motbakken opp mot mål, frå brua på "Årdalsvegen".
2002: Status som prøve-NM i fjelltelemark. Det var prøve-NM for fyrste gong. Prøve-NM som eigen klasse i Tinderittet. NM hadde andre reglar, mellom anna krav til låge sko.
2003: Innføring av to-dagars arrangement
2003: Innføring av Tinderittet Swing. Ein variant av Tinderittet, med meir svingar, meir stil og mindre fart. Mål ved fjellfoten, under Meinsete. For telemark, alpint og snøbrett.
2003: Innføring av Fjelltelemark klassisk, fjelltelemark med krav til telemarkstil, som ein del av Tinderittet Swing. Berre få deltakarar.
2003: Innføring av Tinderittet Junior. Lomhundane frå 0-9 år, fjellrevane frå 10-11 år og reinsdyri frå 12-14 år. 3 ulike startar, med skileik for dei minste i målområdet ved fjellfoten. Kring 25 deltakarar.
2003: Samarbeid med Fri Flyt i staden for Ultrasport. Avtale omtrent som med Ultrasport.
2003: Tok i bruk nyheitsbrev på internett som ei meir aktiv marknadsføring av smånytt frå Tinderittet og skisporten. Dette vart ikkje noko suksess.
2003: Innkjøp av nytt tidtakingsutstyr. Algetimer sjølvsagt.
2003: Plakat i Fri Flyt, februarnummeret.
2003: Nettpost AS går inn som aktiv sponsor, og bidreg med marknadsføring av Tinderittet gjennom sine prosjekt.
2003: Programmet "Himmelporten" frå Turtagrø og Hurrungane, med 75 sekund frå Tinderittet. Aldri før hadde så mange sett "Ut i naturen". Kjempereklame for Tinderittet. Ole Berge Drægni fortalde om klatremiljøet, turar i fjella, det nedbrente hotellet, satsinga på nytt hotell, etc..
2003: Flygeblad i Fri Flyt. 12.500 eks. + til utdeling sum 20.000 stk.
2003: Jakker til alle funksjonærar, frå Skogstad. Sponsorar var Hydro og Paxar.
2004: Offisielt NM for fyrste gong i fjelltelemark. Flygeblad og eigen 2-sidig plakat i to nummer av Fri Flyt, spreidd i heile Skandinavia. Diverre vart rennet avlyst på grunn av snømangel
2004: Tildelt NM Fjelltelemark i 2005, for andre gong. Denne gongen måtte me vel lukkast. Vegen til NM byrja å bli lang.
2005: Loftsrennet som reserve, i tilfelle snømangel. Bøverdalen Idrettslag svært positive.
2005: Arne Monrad overtek for Halvar Johan som web-master
2005: Ole Berge Drægni sakna saman med familien i Tsunamien i Thailand og omegn. Ole Berge Drægni funnen og erklert omkommen. Ein tragedie hadde på nytt ramma familien Berge Drægni. Tinderittet har med Ole sin bortgang mista sin grunnleggar, og rennet vil aldri bli det same. Ole skapte det finaste fjelltelemarkrennet i landet, rennet med det finaste namnet, dei finaste premiane og det finaste miljøet. Med Tinderittet hadde Ole nådd sitt mål om auka trafikk i området i mai, og Ole var no igang med andre aktivitetar, for å auka trafikken i andre årstider. Med Ole sin bortgang har Luster, Sogn, Norge, og ikkje minst fjellsporten, mista ein av sine viktigaste personar. Ole vil bli djupt sakna i telemarksmiljøet.

2005: NM fjelltelemark gjennomført. Det fyrste i sitt slag. Arrangør var IL Fanaråk. Rennleiar var Anders Fortun. TD var Arne Monrad Johnsen. Domar var Iver Olav Krohn. Løypesjef var Egil Johannes Vangsnes. Sjå resultat 2005 for meir informasjon. Løypa fekk skryt. Starten var på "kanten", på kring 2020 moh, og ikkje der ein pleier å starta. Litt kortare løype med andre ord. Starten vart flytta ned på grunn av dårleg ver på toppen. Nederst var det ny trasé ned siste henget, i bakken til høgre, sett nedanfrå. Det var ein suksess.
2006: Kvileår etter alle NM-aktivitetane. Ingen spesiell innsats dette året
2007: Den viktigaste nyskapinga var Tinderittet Junior. Det var 27 som stilte til start, og det vart svært populært hjå deltakarane.
2008: Tinderittet med på Fjellkarusellen i Sogn, Telenor karusellen for fjellrenn. Målgruppa er heile familien, men hovudmålgruppa er born opp til 12 år. Dei andre to renna i karusellen er Sognefjordrennet og Sogndalsrittet. Ny design på nettsida.
2009: Tinderittet hadde spørjeundersøkelse, og fekk svar frå 250 tidlegare tinderyttarar og andre skileikarar. Resultat av granskinga var at ein innførde eigen klasse for fjelltelemarksving, Tinderittet oppÅnee, og satsa meir på video, rock og trøkk i målområdet.
|
 |
 |