Tinderittet
ARKIV    home
2003: Nytt frå dei gamle internettsidene


05.05.03: Rekord for Tinderittet     

Turtagrø: - Eg trudde nesten ikkje det eg høyrde. Det seier rennleiar Anders Fortun etter å ha fått det offisielle deltakartalet på Tinderittet. Deltakarrekorden frå i fjor vart knust laurdag.

Sogn Avis


28.01.03: TINDERITTET 2003     

Tinderittet er eit ski- og snøbrettrenn frå Nordre Dyrhaugstind 2100 moh til Turtagrø 900 moh. Arrangør er IL Fanaråk. Tinderittet vart 1.gong arrangert 30. mai 1992. Viktige samarbeidspartnerar i 2003 er Turtagrø Hotel, Luster Røde Kors Hjelpekorps, Fri Flyt og Løypesetjarane. I tillegg kjem alle sponsorane.

Tinderittet har utvikla seg gradvis. IL Fanaråk har bygd opp arrangementet, med nye flagg, nye nummer, nytt lydanlegg, nytt tidtakarsystem, ny bru, nye staurar, etc.. Eit enklare og betre arrangement er målet. Det skal vera lett å vera arrangør og alle lauparane skal vera nøgde. Dette har og ført til endringar av regelverket, slik som "lov med høge støvlar", "ingen vert diska", etc.. Stort sett har lauparane også likt det som har vore gjort, og Tinderittet har på mange felt leia utviklinga og vore trendsetjar.

Laurdag 3. mai går Tinderittet slik som før, saman med NM i fjelltelemark - prøve-NM for andre gong.

NYTT 2003 ! Dagen etter, søndag 4. mai skal ein for fyrste gong ha Tinderittet Junior og Tinderittet Swing. Det blir då også prøve-NM for fjelltelemark klassisk, med krav til telemarksving.

Tinderittet Junior
er for at også dei unge skal få delta på Tinderittet, og for å sikra rekrutteringa til skisporten. Det vert skileik i målområdet for dei minste, og start tilpassa alder for dei som er litt eldre.

Tinderittet Junior skal også ha mange unge i arrangørstaben, og er eit rekrutteringstiltak på arrangørsida.

Tinderittet Swing
er for dei som likar meir svingar og mindre fart enn Tinderittet, men også for dei som likar telemarksvingen, som er obligatorisk i telemarksklassen - "fjelltelemark klassisk". Tinderittet Swing er også for alpint og snøbrett. Telemarkøvinga vert prøve-NM, noko arrangørane er stolte over. Prøve-NM er stort sjølvsagt, og viktig for utviklinga av sporten.

Arne Monrad Johnsen


23.01.03: TINDERITTET MÅ SØKJA OM NM 2004 ALLEREIE 15. MARS 2003     

Dersom Tinderittet ynskjer NM i fjelltelemark 2004, og då truleg offisielt NM, må IL Fanaråk søkja Norges Skiforbund allereie innan 15. mars 2003. Dette skal ein sjølvsagt få til, men ein hadde sett det som ein fordel fyrst å vunne røynsle med 2-dagars arrangement. Sidan ein har prøve-NM i både vanleg fjelltelemark og fjelltelemark klassisk som ei ny grein, hadde det vore ein fordel å kunne søkt etter Tinderittet 2003
Arne Monrad Johnsen

23.01.03: FRI FLYT MED PLAKAT I FEBRUAR         

Tidsskriftet Fri Flyt, som er hovudsamarbeidspartner med Tinderittet, vil i februarnummeret ha stor plakat av Tinderittet, til å henga på veggen. Finansieringa av plakaten gjekk lett, takka vera www.norge.no og www.nettpost.no. I tillegg skaffa Fri Flyt finansiering gjennom Mammut, som også vert ein av sponsorane til Tinderittet. Tinderittet vil få 500 plakatar til å henga opp. I tillegg vil Fri Flyt ha annonse om Tinderittet, som viser til www.tinderittet.no

Arne Monrad Johnsen
          


23.01.03: UNGDOMMEN PRESSAR PÅ - KVA GJER IL FANARÅK    

Hei. Eg lurte på om eg og ein kompis kan delta på Tinderittet sjølv om vi ikkje har fylt 16 år? Vi blir 15 år i mars denne sesongen. Vi vart fødd i mars 1988. Dykk kan vel gjere eit undatak for oss, viss vi ikkje nemner det for andre. Eg synst at Tinderittet bør vere ope for alle som ønskjer å delta, uansett alder. Men vist vi deltek blir dei andre sure fordi vi kjem til å vinne dei!

Eg har foresten starta min eigen snowboardklubb og deltatt på slike førstemann ned fra fjellet konkuransar. Eg har vunne Nakkjen Ned to år på rad i snowboardklassen. Slå den du. Har lagt ved eit    vedlegg    so du får sjå kva snowboardklubben min har gjort på dette året. Viss vi ikkje får delta kjem vi og deltar alikavel!


Robin Berglid og Vegar Sætren Bøe

          

21.01.03: TINDERITTET SI NYE UTFORMING ENDELEG KLAR    

Møtet i styringsgruppa var avklarande på mange måtar. Dei framlegg til alternative løysingar som låg på bordet, vart diskuterte. Nokre saker var greie, medan andre måtte ein sova på. Særleg vanskeleg vart det å velja mellom Lauvnostind elle Dyrhaugstind som startpunkt for Tinderittet Swing og NM fjelltelemark klassisk. Men, området for skileik ved fjellfoten av Dyrhaugsryggen avgjorde. Ein måtte koma ned der dei unge var samla. Sjå internett for resten av arrangementet.

      
Arne Monrad Johnsen
          

18.01.03: ANDERS FORTUN KALLAR INN TIL MØTE I STYRINGSGRUPPA    

Anders Fortun, som har det overordna ansvaret for Tinderittet, kallar inn til nytt møte i Fjordstova måndag 20. januar klokka 19.00. Slike møte har gruppa jamnt og trutt, men litt spesielt denne gongen er meldinga frå Norges Skiforbund, om at Tinderittet ikkje vert offisielt NM likevel. Spørsmålet er sjølvsagt korleis arrangørane av Tinderittet og IL Fanaråk skal handtera dette. Andre viktige saker er oppdatering av heimesida http://www.tinderittet.com, utprøving av funksjonærjakker og arbeid vidare.

      
Arne Monrad Johnsen

    

15.01.03: TINDERITTET FÅR IKKJE OFFISIELT NM I FJELLTELEMARK    

Omlag 20 år etter at den siste bylgja med telemarksving kom til Noreg, skulle det arrangerast NM i fjelltelemarksving for fyrste gong. Rett nok var det uoffisielt NM i 2001hjå Tinderittet. Men no skulle det vera skikkeleg NM. Men, den gong ei. Lovnaden frå skiforbundet og vedtaket i skistyret var ikkje verdt noko mot dei høge herrar i lovutvalet.

No skal NM i fjelltelemark opp som sak på skitinget sommaren 2003. Då vonar me alle at det blir positivt vedtak om offisielt NM i fjelltelemark. Tinderittet blir prøve-NM også i 2003. IL Fanaråk har vore lite stemde for dette tidlegare, men vil gjennomføra som planlagt.

Som plaster på såret får også Tinderittet Swing prøve-NM status i 2003. Fjelltelemarkrenn med krav til klassisk telemarkstil type Sondre Norheim, kan koma til å bli svært populært, meinar Ingunn Mjåland i skiforbundet. Og det er IL Fanaråk og "løypesetjarane" samde i.

Tinderittet går av stabelen ved Turtagrø og Dyrhaugsryggen, 3-4.mai.

      
Arne Monrad Johnsen
          



15.01.03: LOV MED HØGE STØVLAR I NORGESCUPEN    

"Fri skohøyde i NC Fjelltelemark! Norges Cupen 2003 arrangeres i klasse for fri skohøyde. Støvlen må være tilgjengelig i salg til allmenheten. Støvelen må være laget for telemarkskjøring og ha en såle som er fleksibel under tåballen. Støvlen må produseres i mer enn 100 par årlig."

Treng me seia at Tinderittet innførte fri skohøgde allereie i 2000. Grunnen var at også dei låge skoa var høge, og at me ville ha eit enklare arrangement. Det har vore ein del juks med høge innerstøvlar etc., og slikt er ein no kvitt. Ei takk til Norges Skiforbund.

www.fjelltelemark.com og Arne Monrad Johnsen


15.01.03: TINDERITTET OVER 2 DAGAR OG MEIR MORO    

For fyrste gong går Tinderittet over to dagar. Den fyrste dagen vert det Tinderittet Fjelltelemark, som vanleg, med prøve-NM for andre gong inkludert. Den andre dagen vert det Tinderittet Junior og Tinderittet SWING. No skal det bli rekruttering til både sporten og arrangørstaben. Tinderittet Junior måtte berre koma.

Tinderittet SWING skal gi dei som likar telemarksving, eller sving og stil, betre enn fart og galskap. Ein må taka vare på telemarksvingen, og utvikla han vidare. IL Fanaråk har store forventningar til denne øvinga, som også vert prøve-NM. Ansvaret for gjennomføringa av dag 2 har "løypesetjarane".
      
Arne Monrad Johnsen

          

13.01.03: HIMMELPORTEN VAR EIT FLOTT PROGRAM    

I dag tysdag 14. januar gjekk programmet til Inge Kjell Holme og Steinar Lote på NRK. Programmet handla om Turtagrø før og etter brannen januar 2001, oppbyggingen av hotellet, og Ole Berge Drægni sin tøffe innsats for å byggja opp att hotellet. Han var også ein tur opp på Storen, men det var "berre ein tur", som han sa. Han hadde vokse opp i fjella, og følte seg heima der. Det var ikkje noko spesielt.

Programmet tok også føre seg livet rundt Turtagrø om våren, når skilauparane ned dei bratte fjellsidene dominerte. Det var flotte bilder og forteljingar får både Fri Flyt si samling og Tinderittet. Programmet sette sjåarrekord for "ut i naturen" med 936.000 sjåarar. Takk for eit godt program. Bildet viser Turtagrø mai 2000.

Arne Monrad Johnsen
          


23.09.02: TINDERITTET VERT OFFISIELT NM    

IL. Fanaråk fekk i dag  gladmeldingen frå Ingun Mjaaland i Telemarkutvalet i Norges Skiforbund om at dei er tildelt det fyrste offesielle NM i Fjelltelemark den 3.mai 2003. I år avvikla dei som kjent det uoffisielle NM. Dette vert ein stor utfodring for eit lite lag, men med eit godt drilla mannskap med 10 års erfaring skulle dette vera i dei beste hender. Leiaren i laget, Anders Fortun kan bekrefta at dette vert ei stor utfodring, men han er trygg på at med det mannskapet han disponerar, skal dette gå bra.
      
Einar Skagen


16.05.02: Satsar endå meir på Tinderittet     

Turtagrø/Dyrhaugsryggen: Det villaste av alle ville skirenn skal vidareutviklast og fanga opp langt fleire, også dei som ikkje vil våga helsa for å koma raskt i mål.

Tor Yttri/Sogns Avis
     


09.05.02: Tinderittet med fleire langsvingar - mindre utfor!    

Veldig bra arrangement i år igjen, MEN ganske skuffet over årets løype.  Etter fjorårets superløype var dette en skikkelig nedtur. For det første er det for jævlig å ikke få tatt mer enn 6-7 skikkelige svinger i en nedkjøring på 6 km. Dessuten; Bør ikke ett fjelltelemarkrenn stille krav til løpernes skiferdigheter, der iberegnet svingteknikk? Greit nok at det kreves baller for å kjøre skikkelig fort, men rennet hadde ikke blitt mindre utfordrende om det var lagt inn noen flere skikkelige langsvinger som hadde presset melkesyrenivået enda høyere. Lengre kjøretid hadde dessuten stilt enda større krav løpernes kondisjon, tekniske ferdigheter og vurderingsevne, og gjort rennet enda mer utfordrende. Vær så snill, ikke la Tinderittet bli ett rent utforrenn neste år også.


Simen B Weiglin

Takk for kommentarar om løypa Simen. Løypesjef Egil Johs. Vangsnes har fått mange positive tilbakemeldingar om løypa. Men, du har nok mykje rett, og til neste år vil me gjera meir som du seier. Me prøvde faktisk i år også, men det vart vel kanskje litt mykje utfor for dei fleste. Det er mange som meinar det same som du. Kanskje me går attende til Jubileumsløypa frå 2001.
(Arne Monrad Johnsen - sjefsløypesetjar)
Dato: 09. mai. 2002
      
Arne Monrad Johnsen
          


07.05.02: Sats meir på ekstremsport    

Johan Strømberg tok seg ned frå Dyrhaugsryggen på rekordtid og vart første uoffisielle norgesmeister i fjelltelemark. Han er imponert over fjella i Hurrungane og meiner området burde vore meir brukt til ekstremsport.

Sogn Avis
          

05.05.02: RESULTAT NM FJELLTELEMARK OG TINDERITTET 2002    

Tinderittet gjekk av stabelen den 4. mai 2002 for 10. gong. Tinderittet var opphavleg eit fjelltelemark renn, men har dei siste åra hatt med snøbrett og alpint som eigne klassar. I årets Tinderitt var det også ein "eigen klasse" for NM FJELLTELEMARK. Det er fyrste gong NM har vore arrangert for fjelltelemark, og det var eit uoffisielt NM.

Tinderittet startar ved Nordre Dyrhaugstind i Vest-Jotunheimen ved 2100 moh. Mål er ved Turtagrø Hotel, 900 moh. Rennet er omlag 6 km langt, fordelt på 1200 høgdemeter. Arrangør er IL Fanaråk.

Det var tilsaman 124 deltakarar frå heile landet, Danmark og Sverige. Det var fint ver og godt føre, med 10-30 cm nysnø. Med ein snittfart ned fjellsida på over 70 km / t, er denne form for bruk av fjellet til telemark, alpint, snøbrett etc., noko som vil fenga både lauparar og publikum meir og meir.
Rennleiar og kontaktmann i IL Fanaråk er Anders Fortun, tlf 57686787


Arne Monrad Johnsen
         
04.05.02: VELLUKKA AVVIKLING AV TINDERITTET    

Det fyrste uoffesielle NM i fjelltelemark vart avvikla under glimrande forhold i dag. 124 løparar passerte mål på Turtagrø.Dette er ny deltakarrekord. Johan Strømberg vann seniorklassen i NM for menn på tida 5,31 som er ny løyperekord, medan Nils Bjarne Krohn vann menn junior på 6,21. Rønnaug Tveito vann damer senior på 7,21, og Sigrid Rykhus sigra i damer junior.På bilete ser me Sigrid får medalje av rennleiar Anders Fortun. Resultata er utlagt i avisa. Alle deltakarane fekk ryggsekk. Oppi sekken låg eit stykke gamalost, orginalt, men svert populært blant deltakarane. Arrangøren, IL.Fanaråk stod også denne gongen for ei prikkfri tilskiping.

Einar Skagen
     




22.09.01: TINDERITTET UOFFISIELT NM I 2002    

Endeleg har Norges Skiforbund oppdaga Tinderittet. Noregs tøffaste skirenn ned Dyrhaugsryggen får neste år status som uoffisielt
NM i fjelltelemark.

 Gløym det du har lese i Sogn Avis eller høyrt om at Tinderittet vert avslutningsrenn i Norgescupen Fjelltelemark. Dette stemmer ikkje; Tinderittet fekk tommelen ned frå skiforbundet på søknaden om å verta med i det gode noregscupselskapet. Men erstatninga er vel så bra.


Utfordra NSF
Skiforbundet vil framleis halda på Galdhøpiggrennet som avslutningsrenn i noregscupen. Fjelltelemarkutvalet til Norges Skiforbund (NSF) grunngjev dette mellom anna med deltakartalet i Galdhøpiggrennet og medie- og sponsorinteressa. Men det er tydeleg at IL Fanaråk og Tinderittet har utfordra skiforbundet med søknaden sin om å få vera med i noregscupen, noko som ville gjort Tinderittet til nytt avslutningsrenn fordi rennet alltid vert arrangert så seint som første helga i mai. Difor har skiforbundet strekt seg veldig langt for å gje Tinderittet den offisielle statusen det fortener. Og difor vert Tinderittet 2002 uoffisielt NM i fjelltelemark.


Glad Fortun
På sikt ynskjer NSF å ha fjelltelemark som eigen NM-disiplin, noko som truleg kjem opp som eiga sak på skitinget i 2003. Men fram til den tid vert altså Tinderittet uoffisielt noregsmeisterskap.
– Dette var truleg det beste me kunne få til no, seier ein glad Anders Fortun i IL Fanaråk. Han trur eit uoffisielt NM også er eit litt greiare renn og hanskast med arrangementteknisk, enn det eit avslutningsrenn i noregscupen ville vore. Fortun er også glad for brevet dei fekk frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om at dei får lov til å ha med opptil 350 deltakarar. Det at ein del av løypetraseen går innanfor nasjonalparkgrensa er ikkje heilt konfliktfritt, men svaret frå dei som er sett til å forvalta desse interessene var altså positivt det også.


Glad Johnsen
– Me er klar til å ta på oss dette arrangementet, men treng den vanlege assistansen frå Arne Monrad Johnsen og Syril, seier Fortun. Han og dei andre eldsjelene i IL Fanaråk, og medarrangør Luster Røde Kors Hjelpekorps, fekk svært kort frist på seg til å takka ja eller nei til å ta på seg pliktene eit uoffisielt NM medfører, men landa altså på eit klart ja. Eit uoffisielt NM hevar sjølvsagt statusen på Tinderittet, noko som mellom anna bør gje von om fleire deltakarar. –
Eit NM er mykje betre og gjevare enn eit noregscuprenn. No vert me den einaste arrangøren av NM, som noregscuparrangør ville me vorte ein av seks, seier Arne Monrad Johnsen, mannen som fann opp både Tinderittet og Kjeringi Open.


Gjekk kvar sin veg
Han er hoppande glad for tilbakemeldinga frå skiforbundet, og trur IL Fanaråk ligg godt an til å få det første offisielle NM-arrangementet også. Johnsen tykkjer det er artig at Norges Skiforbund gjev så klare signal om at dei vil laga NM-disiplin av fjelltelemark.
– Me hadde tette kontaktar inn i skiforbundet på 80-talet, men etterkvart utvikla me oss annleis enn dei. Me utvikla fjelltelemark, medan forbundet utvikla telemark som noko svært likt alpint, seier Johnsen. Sjefsløypesetjaren for Tinderittet håpar at telemarkutvalet i NSF også tek etter dei når det gjeld konkurransereglement.


– For pysete
– Dei er for pysete når det gjeld reglementet, seier Johnsen og siktar mellom anna til at dei har kompliserte reglar for kva sko ein får konkurrera med i fjelltelemark. Dette får også konsekvensar for NM-delen av Tinderittet 2002, men Johnsen lovar at alle skal få vera med og konkurrera, også dei som stiller med alpinski og snøbrett.
Arne Monrad Johnsen kjenner seg trygg på at det første uoffisielle noregsmeisterskapet i fjelltelemark er i dei beste hender med L Fanaråk som arrangør.
– Dei har alltid levert flotte arrangement, med ein svært dyktig stab i idrettslaget og Røde Kors-gruppa. Men så har dei også den finaste skibakken i Noreg, seier Arne Monrad Johnsen. (Sogn Avis)
     
                                                                                                                                                                                                                                                                                                           
MELDINGAR

2003: Nytt frå dei gamle internettsidene