3. november 2011: IL FANARÅK LEGG NED TINDERITTET
|
Det er 20 år sidan det fyrste Tinderittet i 1992. Det er gjennomført 15 ritt. Tindertittet Junior er arrangert 3 gonger. Men, no er det slutt. IL Fanaråk legg ned Tinderittet i denne omgang.
Det var ikkje eit lett valg for IL Fanaråk. Men, snømangelen har auka på. Dei siste tre åra har Tinderittet ikkje vorte arrangert. Tidlegare har det vore avlyst to gonger, i 1996 og 2004. Alle avlysingane skuldast snømangel. Denne trenden treng ikkje ha noko med klimaendringar å gjera. IL Fanaråk vonar det er tilfeldig.
Tinderittet er kjent som eitt av dei store og gode fjelltelemarkrenna i landet. Etter tre år med prøve-NM, og eit NM som vart avlyst (2004) arrangerte Tinderittet det fyrste offesielle NM i Fjelltelemark i 2005. Dette var eit stort høgdepunkt for IL Fanaråk og Tinderittet.
Ronja Vangsnes, Silje Storevik Moe og Siri Bente Haugen på pallen under NM Fjelltelemark i 2005.
John Ove Sinnes, Sirdal, vart den fyrste norgesmeistaren i fjelltelemark. Nils Bjarne Krohn, Åndalsnes, fekk andreplassen. Tinderittet 2005.
På det meste har det vore med over 160 deltakarar (NM 2005) på Tinderittet. Til NM i 2004 var det påmeld over 220 deltakarar. Men, det vart for lite snø det året.
Tre år uten Tinderitt er nok!
Det siste Tinderittet var i 2008. Dei tre siste åra har det vore lite snø. For IL Fanaråk og samarbeidspartnarane er det mykje arbeid anten rennet går eller ikkje. Tre år med avlysing på rad er nok. Det er mange potensielle deltakarar som held av Tinderitthelga. IL Fanaråk ynskjer ikkje å skuffa desse med fleire avlysingar.
IL Fanaråk meinar at det bør vera ein stor realistisk sjanse for gjennomføring når ein inviterar fartsfest ned Dyrhaugsryggen. Etter dei siste tre åra å døma, ser det dårleg ut. Det er sjølvsagt i målområdet og på flatane bort til henget at snømangelen har vore størst. Utan snø i dette området, er det ikkje råd å bruke snøskuter til løypesetjing og redningsaksjonar. IL Fanaråk ser ingen løysingar på problemet, utan å gjere store endringar med rittet.
Det er heller ikkje realistisk å få opna Sognefjellet tidlegare enn den siste veka i april. IL Fanaråk ser det derfor heller ikkje som ei løysing å arrangera Tinderittet tidlegare på vinteren. Sognefjellet må vera ope for å få med dei mange skileikarane frå den andre sida av fjellet.
Av desse grunnar legg IL Fanaråk ned Tinderittet. Det er slutt i denne omgang!
IL Fanaråk vil takka alle som har vore med å gjort Tinderittet til Norges flottaste fjellrenn. Det gjeld løypesetjarane frå Syril telemark, Luster Røde Kors, Turtagrø Hotel, eigne funksjonerar, og ikkje minst sponsorane og alle dei spreke deltakarane.
Tusen takk alle saman!
Anders Fortun
Rennleiar
IL Fanaråk
NB!
IL Fanaråk ser ikkje heilt vekk i frå at det vil koma nye initiativ til å starta opp att Tinderittet, og har derfor søkt fylkesmannen om løyve for dei neste fem åra. Dette er for å vera på den sikre sida. Men, det er slutt i denne omgang. Det må skje noko "nytt" for å starta opp att, som t.d. meir snø i mai, nye rennformer, nye eldsjeler, nye interessentar, tidlegare opning av Sognefjellsvegen, tunnel under Sognefjellet, etc.. Fjella står der!
Litt meir historikk
Det fyrste rennet vart arrangert den 30. mai 1992. I fylgje Astrid Drægni på Turtagrø hotel var det alltid nok snø på Dyrhaugsryggen i heile mai til å laga renn. Det holdt akkurat. Ein måtte ta av seg skia over brua, for å ta dei på att inn mot mål.
Det var Ole Berge Drægni, son til Astrid og Johannes, og Arne Monrad Johnsen, frå Leikanger og Syril telemark, som tok initiativ til Tinderittet i 1991. Bakgrunnen var mellom anna at det hadde vore så lita deltaking på kurs i telemarksving på Turtagrø i påsken, som Astrid hadde teke initiativ til. Ein måtte finna på noko anna for å få fart på skilaupinga i Hurrungane om våren. Det var viktig for hotellet.
Arne Monrad og Ole fann derfor på at dei heller skulle laga eit telemarksrenn frå Nordre Dyhaugstind til Turtagrø. Ole sto for namn, logo, premiar og marknadsføring. Arne Monrad skaffa løypesetjarar frå kretslaget og involverte telemarskmiljøet lokalt og nasjonalt. Kjell Åsnes var sentral sponsor og støttespelar. IL Fanaråk stilte mannsterk opp som arrangør frå fyrste stund. Det var over 50 deltakarar det fyrste året, og alle fekk premie og T-skjorter.
Frå Starten ve Nordre Dyrhaugstind, 2100 moh, 30. mai 1992. Frå venstre har me Arthur Skaar frå IL Fanaråk og Ole Berge Drægni som startarar.
Det fyrste året var det show med paragliding. Målområdet den 31. mai 1992.
Tinderittet starta som fjelltelemarkrenn, med Vidar Ringen og tida 11:32 i 1992. Han vann tre gonger, og vart den fyrste kongen av Dyrhaugsryggen.
Tinderittet avslutta som fjellrenn for både telemark, alpint og snøbrett. Raskast ned Dyrhaugsryggen har Per Øvreseth vore på 5:27 (2007). Det var på alpinski. Han vart den siste kongen av Dyrhaugsryggen, i denne omgang.
TINDERITTET SOCIAL DOWNHILL - nettpremiere 24. juni 2011
|
Her er filmen, endeleg. Kinopremieren var på Kleppa, i skihytta til Syril telemark. No er han sleppt laus på nettet, og det er berre å nyta dei stilfulle løparane opp og ned Dyrhaugsryggen, til gode kommentarar frå suparspeaker RWV. Dette er social downhill på sitt besta!
TINDERITTET GJENNOMFØRT SOM "SOCIAL DOWNHILL"
|
Tinderittet som fartsrenn vart avlyst i 2011. Løypesetjarane frå
Syril Telemark tok derfor i samarbeid med IL Fanaråk og Turtagrø Hotel
initiativ til eit sosialt arrangement, med fellesstart utan tid. Nyskapinga vart kalla "social downhill".
Det var til saman 30 deltakarar. Fleirde av desse var tidlegare deltakarar, frå andre stader i landet. Desse sette pris på at me fekk til eit alternativ renn. Dei hadde stor sans for den sosiale profilen. Det var også mange yngre med, og for nokre av desse var det fyrste gong dei var på Nordre Dyrhaugstind, 2130 moh.
Fellesstarten gjekk klokka 1500. Det var etappevis køyring ned ryggen,
med filming heile vegen. Filming er ein viktig del av sosiale renn.
Ein kunne sigla på ski heile vegen ned til brua. Dei kalde nettene
gjorde at snøen var hard på oppturen. På nedturen hadde sola mjukna
snøen frå Øvre Dyrhuag og ned. På toppen var det skavlar og hardt.
Rypepara sat rolege på tuvene, medan lomhundane sprang alle stader, som om dei var på leit etter noko. Det er nok lomhundår i år.
Etter rennet var det is og brus på trappa til Turtagrø Hotel - eit av høgdepunkta på turen. Tinderittet som sosialt renn var OK, men Tinderittet som fartsrenn er noko heilt anna, og eit sakn for mange.
Og alle fekk T-skjorter. Det var nok den største skilnaden på årets arrangement, og ein vanleg fjelltur for Syril Telemark.
Filmen vert lagt ut noko seinare. Det vil ta litt tid å få redigert ferdig. Men, den blir kjempebra!
TINDERITTET SOM SOSIALT RENN - FELLESSTART UTAN TID
|
På grunn av litt for dårlege snøforhold kan ein ikkje arrangera Tinderittet som fartsrenn. Som ei reserveløysing vil det bli arrangert eit sosialt fjellrenn. Det blir fellesstart utan tidtaking frå Nordre Dyrhaugstind laurdag 30. april klokka 14:00, som eit show og mororenn.
Showrenn
Løypesetjarane frå Syril Telemark, i samarbeid med IL Fanaråk og Turtagrø Hotel, inviterar til ei morosam reserveløysing. For fyrste gong skal ein prøva Tinderittet med fellestart, som eit showrenn, utan tidtaking. Nedfarten vil bli filma, og lagt ut på nettsida til Tinderittet i ettertid.
T-skjorter til alle
Dette blir ikkje eit organisert skirenn i vanleg forstand. Det er gratis deltaking, og alle deltek på eige ansvar, som på ein vanleg fjelltur. Alle deltakarane får høve til å kjøpe Tinderitt T-skjorter til kr 50.-. Det er ingen premiar.
For heile familien
Målet er å samla så mange personar som mogleg på startstreken. Dette er eit opplegg som passar heile familien. Det er ingen aldersgrense, og alle typar utstyr er lov. Turen opp Dyrhaugsryggen tek kring 4 timar. Ein må ha med mykje mat, drikke, fjellklede, solbriller, solkrem og skifeller. Det kan også vera lurt med hjelm og briller.
Sosialt
Det er sosialt å gå saman opp Dyrhaugsryggen, og det er sosialt å køyra saman ned, utan tidspress, og det er ikkje minst sosialt på Turtagrø etter rennet. Eit sosialt renn med andre ord!
Sjå filmen frå tilsvarande tur 2009 lengre nede på sida.
Program Tinderittet 2011 - reserveløysing
|
IL Fanaråk inviterar med dette alle gamle og nye fjellrennarar til Tinderittet 2011. Førebels program ser slik ut:
Laurdag 30. april
|
0900 - 1030
|
Påmelding på terassen utanfor Turtagrø - kjøp av T-skjorter
|
1400
|
Fellesstart frå Nordre Dyrhaugstind, 2100 moh
|
1430
|
Sosialisering på Turtagrø
|
Dei som ikkje får kjøpt T-skjorter før rennet, kan få kjøpa etterpå. T-skjortene vil også bli til salgs for andre, til ein noko høgre pris.
ILFILM - Dyrhaugsryggen 1. mai 2009 med Syril Telemark
|
ILFILM. Syril Telemark inviterte til fellestur på Dyrhaugsryggen 1. mai 2009. Som plaster på såret for at Tinderittet vart avlyst. Tinderittet vart avlyst pga lite snø, og roten snø, frå henget og bort til Turtagrø. Tinderittet er eit fartsrenn, som treng gode snøforhold for tryggleiken sin del.
Men, for toppturar og fartsfylt utfor i vårsnøen, er Dyrhaugsryggen framleis suveren. På denne filmen kan de sjå deltakarane og andre leika seg ned ryggen på snøbrett, randonee, telemark og til fots.
Syril telemark held til på Leikanger.
26. APRIL: Tinderittet avlyst som fartsrenn på tid
|
IL Fanaråk har avlyst Tinderittet 2011 på grunn av dårlege snøforhold. Varmen den siste tida har gjort at snøen har minka mykje, og vorte mjuk og roten. IL Fanaråk ville ikkje gamble med tryggleiken, og avlyste derfor rennet. Tinderittet er eit fartsrenn som krev gode snøforhold.
IL Fanaråk og dei andre medarrangørane tykkjer det er trist at Tinderittet endå ein gong vert avlyst. Det siste Tinderittet var i 2008. Mykje kan tyda på at det har vorte for seint på året å arrangera Tinderittet kring 1. mai. Det har alltid vore eit mål å arrangera Tinderittet etter at Sognefjellsvegen har opna. Då har det ikkje vore mogleg å arrangera rennet tidlegare på året.
Avlysinga gjeld også skileik for barn.
Det har vore stor interesse for Tinderittet i år, men påmeldinga har ikkje vore så god som normalt. Det kan tyda på at deltakarane har vore usikre på Tinderittet, og at dei ville venta lengst mogleg før ei eventuell påmelding.
Det vert arbeidd med å finne ei reserveløysing.
18.APRIL: Framleis lovande snøforhold
|
Turtagrø og IL Fanaråk melder den 18. april om bra med snø til Tinderittet 2011. Det har vore både verre og betre tidlegare. Det er eit noko laust lag under eit lag på 10-30 cm. På Dyrhaugsryggen er det som det pleier, litt stein som stikk opp, saman med litt vier. Med den nye løypemodellen til Tinderittet kan lite snø i nokre parti berre vera ei spanande ekstrautfordring.
Tinderittet med ny løypemodell - tryggare og meir moro!
|
Turtagrø og IL Fanaråk melder om bra med snø til Tinderittet 2011. Det har vore både verre og betre tidlegare. Det er eit noko laust lag under eit lag på 10-30 cm. På Dyrhaugsryggen er det som det pleier, litt stein som stikk opp, saman med litt vier. Med den nye løypemodellen til Tindetittet skal det ikkje vera problem. Les meir
Tinderittet innfører ny løypetype i år. Den viktigaste grunnen er behovet for å løysa skoddeproblemet. Dyrhaugsryggen er ein lang rygg, som ligg høgt.
Skodda kan ligge i dottar oppover ryggen. Det kan vera sol på toppen, men skodde lengre nede, som hindrar start frå toppen. Vona er at den nye løypemodellen skal løyse skoddeproblemet.
Løypemodellen består av 3-4 obligatoriske kontrollportar (chechpoints). I mellom desse er ei trygg og lite krevjande løype merka med stikker / bjørkekvist. Merkinga skal fungera i tett skodde. I område med stikker, altså mellom kontrollportane, er det frikøyring.
IL Fanaråk trur at denne løypemetoden er betre tilpassa dagens utøvarar sitt utstyr og køyrevanar, som breie ski for frikøyring, toppturar og lyst til å lage nye spor i laussnøen.
Den einskilde løpar får no ei utfordring med å finna sin eigen trasé mellom kontrollportane. Den raskaste frå start til mål vinn. Det er ingen +/- poeng for stilfeil eller løypeval. Den som ikkje er innom kontrollportane, får eitt minutt i tillegg for kvar bom.
For arrangøren IL Fanaråk betyr den nye løypemodellen at Tinderittet blir eit tryggare renn i skodde og ved lite snø, og løypesetjinga vert mindre ressurskrevjande.
Det vil bli ei spennande utfordring å finna den beste plasseringa for kontrollportane, slik at det blir mange gode løypeval mellom kvar kontrollport, som kan skilja dei beste løparane frå dei mindre flinke.
For deltakarane betyr den nye løypemodellen at alle kan finna sine favorittspor ned Dyrhaugsryggen, tilpassa sine ferdigheiter og målsetjingar.
Den nye løypemodellen legg til rette for fart. Alt skulle no ligge til rette for å for å slå rekorden til Per Øvreseth på 5:27 frå 2007, som vart gjort på alpinski. Per sin GPS målte då 116 km/timen. Det er ingen tvil om at fjellrenn som Tinderittet, Galdhøpiggrennet, Alperittet og Sognefjordrennet er for dei som likar fart.
Men, har du lyst til å ta Dyrhaugsryggen litt meir roleg, med lange svingar frå side til side, eller langt frå dei andre løparane, kan du også gjera det. Du bestemmer ditt ritt!
For deltakarane betyr den nye løypemodellen at dei må vera sitt eige ansvar meir bevisst. Det er opp til enkelte å unngå stein, holer, hamrar og stup i frikøyringsområda. Dette betyr at alle må bruke meir tid på synfaring enn tidlegare. Då kunne ein stola på løypesetjarane. No må ein stola på seg sjølv. Dette kan ein sjå på som ei viktig opplæring i trygg skileik i fjellet.
For publikum kan det meir spektakulært. Frikøyring på tid set nye krav til løparane, og det vil bli spennande å sjå dei ulike løparane sine val og ferdigheiter ned dei tre henga på Dyrhaugsryggen. For publikum kan dette bli mykje moro.
IL Fanaråk ynskjer alle nye og gamle deltakar vel møtt til den nye Tinderittet 2011.
Mykje snø på Dyrhaugsryggen i år
|
Snøen har lava ned i Sogn i heile vinter. Bildet med innteikna løype er frå 26. . IL Fanaråk trur at det i år skal vera nok snø til å gjennomføra Tinderittet, for fyrste gong på tre år.
Korleis reisa til Turtagrø og Tinderittet?
|
No nærmar det seg, og mange lurer kanskje på korleis ein skal koma seg til Vest-Jotunheimen, Dyrhaugsryggen og Turtagrø.
Du kjem i prinsippet til Turtagrø berre på to måtar. Det er anten frå vest via Sogndal, eller frå aust over Sognefjellet, via Lom.
Turtagrø ligg på vestsida av Sognefjellet, og fjellet må vera opna for vinteren, om du skal koma frå aust. Sognefjellet vil vera ope til Tinderittet!
Dersom du lurer på om det går buss, kan du sjå på www.fjord1.no. Elles er det enklast med bil. Gå saman med andre, og køyr i lag. Finn ruta på t.d. www.naf.no
Frå Lillehammer: 240 km
Frå Voss: 180 km
Frå Førde: 175 km
Frå Geilo: 221 km
Frå Oslo: 395 km
Frå Oppdal: 230 km
|